Samtalegruppe for unge

Desse eldsjelene ønskjer å gjera noko for unge i krevjande livssituasjonar. F.v.: Lars Martin Teigen, Christina Hylland Fausk, Inger H. Hjelmeland og Solfrid Seeberg.

Desse eldsjelene ønskjer å gjera noko for unge i krevjande livssituasjonar. F.v.: Lars Martin Teigen, Christina Hylland Fausk, Inger H. Hjelmeland og Solfrid Seeberg. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Tilbodet til born og unge som har mista ein nærståande, eller som lever med alvorleg sjukdom i familien, held fram.

DEL

Vi gir deg alt om korleis valet påverkar deg - BERRE 5 kr for 5 veker

For tredje sesongen startar denne pårørandegruppa opp igjen i januar. Den er mynta på unge frå 10 til 18 år, med eit visst slingringsmonn for alderen, og i alle fall første møtet vert i Uskedalen gamle skule i januar.

– På dei to første gruppene hadde vi med oss mellom fem og ti personar. Gode tilbakemeldingar frå både deltakarar og foreldre fortel oss at det nyttar, seier eldsjelene bak.

Tilbodet er kome i stand i eit samarbeid mellom kommunen og frivillige og vert drive med midlar frå Kreftforeningen og gåver. Menneska bak er kreftsjukepleiar Inger Helen H. Hjelmeland, psykisk helsearbeidar Solfrid Seeberg, sjukepleiar Christina Hylland Fausk og frivillig Lars Martin Teigen.

Ingen terapi

– Terapi driv vi ikkje med, det er viktig å understreka. Vi baserer det på samtalar, fellesskap og felles moro for unge med liknande erfaringsbakgrunn, seier eldsjelene.

Kvar samling begynner med samtale om ulike tema rundt det å mista nokon, eller det å leva nær alvorleg sjuke. Kvar og ein bestemmer sjølv kor mykje ein vil dela med dei andre. Deretter følgjer skiftande aktivitetar, og innimellom står matlaging på programmet. Interesserte vert oppmoda om å følgja med på annonseringa om oppstart litt seinare. Tilbodet er gratis.

– Vi prøver å skapa ein god samlingsplass der ein kan få utløp for kjensler og tankar i lag med andre unge i liknande krevjande livssituasjon. Det er rom for både gråt og latter.

Artikkeltags