Schat-Harding til sals

Umoe Schat-Harding sett frå lufta. (Foto: Jostein Viestad/Aerophoto).

Umoe Schat-Harding sett frå lufta. (Foto: Jostein Viestad/Aerophoto).

Artikkelen er over 5 år gammel

Jens Ulltveit Moe vil selja Umoe Schat-Harding.

DEL

Tilsette ved Umoe Schat-Harding vart sist veke informert om at Jens Ulltveit Moe i løpet av våren ønskjer å selja selskapet.

– Det ligg ikkje noko anna i denne saka enn at eigaren ønskjer å sjå om det er grunnlag for eit sal, seier styreleiar i Umoe Schat Harding, Espen Klitzing.

Dei tilsette er informerte om at ein salsprosess er starta, ein prosess eigaren håpar skal vera ferdig før sommaren.

Styreleiaren ønskjer ikkje å seia noko om kva eigaren forventar seg av pris for ei av hjørnesteinsverksemdene i Kvinnherad.

– Er det kome interessentar på bana?

– Det er det ikkje.

– Kva er årsaka til salet?

– Det har eg ingen kommentar til.

– Kva vil eit sal bety for dei tilsette?

– I utgangspunktet ingenting, vi ønskjer ein ny eigar, seier styreleiaren.

Les heile saka i dagens papiravis (onsdag).

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags