Desse ungdommane er med i ny nettserie frå Husnes

SKODESPELARANE: Oppe f.v: Zumilana Eldi (19), Jonas Ridzevicius (18), Jakob Taranger (18), Daniel Handeland (16) og Trym Juurmann Mortensen (16). Nede f.v: Malin Rød Kolaas (16), Stine Haga (15), Viktor Herskedal (18), Mads Løland Eik (18) og Ida Bruvik (19).

SKODESPELARANE: Oppe f.v: Zumilana Eldi (19), Jonas Ridzevicius (18), Jakob Taranger (18), Daniel Handeland (16) og Trym Juurmann Mortensen (16). Nede f.v: Malin Rød Kolaas (16), Stine Haga (15), Viktor Herskedal (18), Mads Løland Eik (18) og Ida Bruvik (19). Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Husnes storsenter skal marknadsføra seg på ein heilt ny måte. Om ikkje lenge kan du sjå ti ungdommar frå Kvinnherad i ein splitter ny miniserie på nett.

DEL

Det er kanskje fleire som lurer på kvifor det blei filma på Husnes storsenter tysdag. Grunnen er at storsenteret i samarbeid med Kvinnheringen lagar ein heilt ny nettserie i samband med 10-årsjubileet til senteret. Serien skal vera på ti korte episodar, og visast på heimesida til Husnes storsenter og Kvinnheringen.no. Kvar dag frå 25. oktober vil det komma ein ny episode.

– Det er lett å tru at eit kjøpesenter berre er ei samling av butikkar, men det er meir enn det. Ungdommar bruker det som ein møteplass, seier Alexander Urrang Hauge.

Hauge har skrive manus til serien, og er med under heile filminga. Han jobbar med innhaldsmarknadsføring i Amedia, konsernet Kvinnheringen er eigd av, og har tidlegare jobba med TV. Med seg har han filmfotograf Thomas Mortveit, som tidlegare har jobba i TV2 og NRK.

– Serien skal handla om ungdom og rolla Husnes Storsenter har i deira liv, fortel marknadsjefen i Kvinnheringen, Merete Lillesand.

Personane du vil sjå på skjermen er alle frå Kvinnherad, og er mellom 15 og 19 år. Éi går på ungdomsskulen, dei fleste på KVV, medan nokre er uteksaminerte.

Hauge fortel at prosjektet starta som ein idé på eit møte i Kvinnheringen, fordi Amedia ønskte at aviser no skal laga meir video. Dei tok så kontakt med sentersjef Geir Jakobsen for å spørja om dette var noko han var interessert i å vera med på.

– Det er utruleg kult at Husnes Storsenter likte ideen! Det er jo det det står og fell på, om folk vågar å prøva nye ting, seier Hauge.

Ein pioner

Sentersjefen synest prosjekt er veldig spennande, og fortel at meininga med serien er å prøva å spegla det daglege livet for ungdommen på senteret.

– Det er ofte samlingsstaden deira. Vi ønskjer å marknadsføra oss positivt, og å visa eit aktivt senter med pulserande liv. Rett og slett visa oss fram på ein litt annan måte, seier Jakobsen.

Akkurat som senterbryllaupet i vår også var eit pionerprosjekt, trur Jakobsen at Husnes Storsenter er pionerar på denne arenaen òg.

FULL RULLE: Dei starta tidleg tysdag med å filma ungdommane i bilane deira i garasjen. Kva det blir til veit vi ikkje, men det blir klart spennande å sjå. Her ser du skodespelar Jonas Ridzevicius (18) og filmfotograf Thomas Mortveit.

FULL RULLE: Dei starta tidleg tysdag med å filma ungdommane i bilane deira i garasjen. Kva det blir til veit vi ikkje, men det blir klart spennande å sjå. Her ser du skodespelar Jonas Ridzevicius (18) og filmfotograf Thomas Mortveit. Foto:

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags