Nedgang i sjukefråveret

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL


Nav melder at sjukefråveret i Kvinnherad låg på 5,2 prosent i andre kvartal i år. For same kvartal i fjor var talet 5,4 prosent, og for heile 2017 var snittet 5,7 prosent.

Snittet for heile Hordaland låg på 5,0 prosent for andre kvartal i år, eit rekordlågt tal ifølgje Nav.

Kommunane med lågast sjukefråvere er Etne og Ullensvang, begge med 3,9 prosent. Radøy har høgast sjukefråvere med 6,9 prosent. Største kommunen i fylket, Bergen, kan skilta med 4,7 prosent.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags