Skal gå Norge på langs

Desse to spreke systrene har planar om å gå heile Norge på langs i sommar. F.v. Martha Sofie (24) og Mari Teigen Varanes (25). (Foto: Privat).

Desse to spreke systrene har planar om å gå heile Norge på langs i sommar. F.v. Martha Sofie (24) og Mari Teigen Varanes (25). (Foto: Privat).

Artikkelen er over 4 år gammel

Til sommaren skal systrene Mari (25) og Martha Sofie Teigen Varanes (23) frå Utåker gå heile Norge på langs. No har dei laga blogg om førebuingane.

DEL

«Mari og Martha Sofie, det er oss: To systrer som sommaren 2014 legg ut på ein veldig lang tur – frå Nordkapp til Lindesnes. Me gleder oss!»

Slik presenterer jentene seg på bloggen sin: Nplsystrene.com (NPL står sjølvsagt for «Norge på langs»).

I det siste innlegget forklarar systrene kvifor dei vil ta ein slik tur:

– Vår lengste tur til no har vore på sju dagar. 105 dagar er betrakteleg meir. Me er glade i å gå på tur, men alt med måte, kanskje. Kjem me ikkje til å bli leie av å vakne opp kvar einaste dag i over tre månadar saman i eit telt, med einaste mål for dagen å gå vidare? Mest sannsynleg. Mest sannsynleg griselei. Lei av å gå, lei av regn, lei av mygg og sikkert innimellom ganske lei av kvarandre. Kanskje kjem me til å angre på at me la ut på ein slik tur, og ikkje minst for at me skreiv ein blogg om det, så absolutt alle får med seg om me ikkje fullfører, skriv jentene i innlegget. Men så ramsar dei opp fleire grunnar til at dei ønskjer å gjennomføra ein slik tur:

– Ein av dei er å få oppleve nye naturområder. Destinasjonar på dei fleste kontinent er besøkt, men ein lang tur i vårt eige land har me til gode (?) Å gå frå Nordkapp til Lindesnes handlar sjølvsagt også om sjølvrealisering. Det handlar om å sjå om også me kan klare å krysse heile Noreg til fots. Det handlar om å pushe eigne grenser og sjå kva me er i stand til, psykisk og fysisk (?) Meir enn noko anna handlar det om å få sette av ein så lang samanhengande periode til å berre vere på tur og kose oss – gjere noko absolutt anna enn jobb og studie, og på ein måte stoppe litt opp.

Systrene har no bestilt flybillettar, og 31. mari flyr dei frå Trondheim til Honningsvåg som ligg 30 kilometer frå Nordkapp der eventyret startar.

– No er det ingen veg tilbake, eller med andre ord: Det er berre éin veg tilbake: Til fots! Me ser fram mot både planlegginga og sjølve turen. Og de må gjerne følgja oss her på bloggen, skriv systrene Teigen Varanes.

Til Kvinnheringen legg dei til at dei har fått låna alle karta for turen av Geir Eidsvik frå Uskedalen, som har gått Norge på langs før.
– Han har vore til stor hjelp med tips til turen, seier dei.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags