Gå til sidens hovedinnhold

Skal gravleggja bygdedyret

Artikkelen er over 14 år gammel

Kvinnherad Senterparti vil gravleggja bygdedyret. Det skjer i Uskedalen laurdag.

Senterpartiet inviterer innbyggjarar og politiske parti i Kvinnherad til gravferd i Uskedalen, opplyser Nils Magne Kloster og Benthe Bondhus.

Alle som meiner det er på høg tid å gravleggja bygdedyret, er velkomne. Seansen vil føregå ein sentral stad i Kvinnherad, nærare bestemt i Uskedalen. Der vert det skilta til stemneplassen der jordfestinga skal skje.

Jordfesting

På programmet står gravferd/jordfesting av bygdedyret Indre-Ytre, med etternamn Luten.

Ein god ungdomsrepresentant frå kommunen vil stå for jordfestinga, melder partiet.