Advokat vil ha meir skatt på bruk av naturressursar

Av

Utforminga av skattesystemet står ikkje i høve til den reelle verdiskapinga i mange små kommunar med viktige naturressursar, meiner advokat Stein Erik Stinessen.

DEL

Stinessen, som også er juridisk sekretær og rådgjevar for vasskraftkommunane, var tidlegare i veka ein av innleiarane på Lokalsamfunnskonferansen på Gardermoen. Der tok han ifylgje Kommunal Rapport til orde for auka skattlegging av naturressursar.

Advokaten meiner ifylgje avisa at skattesystemet i dag ofte gjev eit misvisande bilete av verdiskapinga i mange små kommunar med store naturressursar, og at det er skapt eit inntrykk av at desse er skattesvake kommunar som må forsørgjast av staten.

– Ei rettare skattlegging av naturressursutnytting vil gje ei meir treffande beskriving av den reelle verdiskapinga, styrkje det lokale sjølvstyret og gje fjellbygder, nordlendingar, vestlendingar og Distrikts-Noreg generelt eit rettare sjølvbilete som minst like store verdiskaparar i det norske samfunnet som sentrale strok, sa Stinessen, ifylgje avisa.

(NPK)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken