I ein e-post frå Synnøve Solbakken (Ap) til ordføraren, etterlyser avsendaren ein plan for bruk og vedlikehald av gamle Undarheim skule og området rundt. Solbakken skryter over det arbeidet som ei aktivitetsgruppe under tidlegare «Tiltak og rådgjevingsteneste for vaksne» gjorde, men meiner no tida er inne for nytt vedlikehald, oppgradering også av tredjeetasjen og ein plan for området ikring. Ordførar Peder Sjo Slettebø (H) lovar å utarbeida eit svar til Solbakken.