Klekk kyllingar i engelsktimane

SØTE: Ewy, Sigrid og Deimante held tre av dei 18 kyllingane. Kyllingane har fått namn, og her er det Donald, Elly og Minni som får morgonkos av varsame hender.

SØTE: Ewy, Sigrid og Deimante held tre av dei 18 kyllingane. Kyllingane har fått namn, og her er det Donald, Elly og Minni som får morgonkos av varsame hender.

Av

Den gode påskestemninga er til å ta og føla på i Uskedalen. Ein kan til og med høyra og lukta den. 7. klasse har nemleg hatt prosjekt om kyllingar dei siste vekene.

DEL


Ein tidleg morgon stikk Kvinnheringen innom for å sjå dei mjuke resultata frå prosjektet. Det er fjerde gongen lærar Trine Nødland har gjennomført dette på Uskedalen skule, og det til elevane si begeistring. Før skuleklokka har ringt inn til første time, sit allereie nokre av elevane med kvar sin kvitrande kylling i nevane. I rommet ved sida av høyrer ein at det er fleire av sorten.

Det heile byrja med 32 egg.

– Kyllingane låg i egga i 21 dagar før dei vart klekte, fortel Ewy.

Ho er ei av dei som har ein liten, dunkledd ven i hendene. Ho har to kyllingar, og denne set tydeleg pris på kos, noko ho understrekar.

– Denne likar å bli halde. Men den andre: Nei!

Av dei 32 egga vart det 18 levande kyllingar, ei god blanding av lysegule og mørke handfullar. Dei tolv elevane i klassen hadde skrive namna sine på egga, og nytta dei 21 dagane det tok til å lysa i egga for å sjå etter det veksande livet bakom skalet. Prosjektet har inngått i engelsktimane deira. Dei har dermed lært seg engelske ord og uttrykk om egg, inseminering og alt som høyrer med, og dei har skrive logg etter kvart som dagane har gått. I tillegg har dei sett film om prosessen frå egg til levande fugl. Der fekk dei mellom anna sjå korleis det vesle kyllinghjarta banka inni egget, lenge før det vart klekt. Det fascinerte, kan Trine fortelja.

Elevane diskuterer litt med læraren, og dei kjem fram til at kyllingane er 9 dagar gamle.

– Nokre vart klekte på natta før det var nokon her, men nokre kom i skuletida, forklarar dei.

BUR: På eit lite grupperom bur dei små. Sjølv om det er Trine som har hovudansvaret, er elevane flinke og flittige hjelparar.

BUR: På eit lite grupperom bur dei små. Sjølv om det er Trine som har hovudansvaret, er elevane flinke og flittige hjelparar.

Mine, dine, våre

– Så korleis veit de kven som eig dei ulike kyllingane? undrar vi.

Det viser seg at dette er litt tilfeldig, men summa summarum er omsorgsfordelinga gjort slik at både små og store er nøgde.

Sigrid veit i alle fall heilt sikkert kven den eine kyllingen hennar er, for den kom i skuletida.:

– Eg var på skulen når min klekte. Eg kunne sjå at det var min, for det var på ein måte den som var mest våt, forklarar ho.

No i påskeferien tek også påskekyllingane fri frå skulen. Dei er så heldige at dei skal på permanent gardsferie, og elevane kjem til å sakna dei.

– Kan du ta dei med tilbake til skulen etter ferien? Eller kan vi få besøka dei iallfall? ber Deimante læraren inderleg.

Ho vil ikkje gi slepp heilt enno. Det vitnar om at prosjektet har vore ein suksess.

Trine Nødland har gjennomført dette opplegget på ulike stader i om lag tjue år, og det har alltid blitt godt motteke. Kyllingprosjektet har inngått i eit tverrfagleg undervisningsopplegg, alt etter kva fag ho har hatt med den heldige klassen.

Allereie er det ytra fleire ønskje om kva klasse som skal få driva fram neste kull med levande påskestemning.

PÅ PLASS: Skuleklokka har ringt inn til første time, og Deimante set kyllingen forsiktig tilbake til dei andre.

PÅ PLASS: Skuleklokka har ringt inn til første time, og Deimante set kyllingen forsiktig tilbake til dei andre.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags