Politikarane vil freda skulane og barnehagane for no: – Går heim med ei god kjensle

Representantar frå Øyatun og Bringedalsbygda hadde møtt fram på det ekstraordinære formannskapsmøtet torsdag for å høyra på budsjettdiskusjonen. Og dei var letta då dei gjekk heim, men dei vil helst få sleppa å halda fram kampen for skulane.