Slutt mellom Ap og FrP

Samarbeidet mellom Ole Torbjørn Holmedal (FrP) og Synnøve Solbakken (AP) er no over. (Arkivfoto)

Samarbeidet mellom Ole Torbjørn Holmedal (FrP) og Synnøve Solbakken (AP) er no over. (Arkivfoto)

Artikkelen er over 3 år gammel

FrP og Arbeidarpartiet blir ikkje samde om budsjett og skil no lag

DEL

Årsaka til at koalisjonen no har brote saman, er spørsmålet om innføring av eigedomsskatt. Ap ønskjer eigedomsskatt – FrP er sterkt imot.

Då koalisjonen fann saman etter valet i 2011, var ein av avtalane at Synnøve Solbakken skulle bli ordførar og eigedomsskatt var uaktuelt i perioden.

Eskil Moen i FrP er langt meir enn skuffa. Fleirtalskoalisjonen hadde eitt møte onsdag kveld. Det varte i femten minutt, så var det slutt

– Dette er berre vanvittig skuffande. Då vi inngjekk eitt samarbeid var det to premissar: Solbakken skulle bli ordførar, og nei til eigedomsskatt dei neste fire åra, seier Moen.

– No bryt Ap denne avtalen og sviktar oss totalt, seier Moen.

Fornærma

– Ap har valt å insistera på eigedomsskatt. Det tolkar vi som ei fornærming og vi meiner det er ureieleg. Det var ein klar føresetnad med slutt på eigedomsskatten. Det er dønn uærleg no å insistera på eigedomsskatt, seier Ole Torbjørn Holmedal.

– Om vi skal laga eige budsjett må vi sjå på vidare. Vi må eventuelt søkja andre alliansar – dette må vi koma tilbake til, seier Holmedal.

Har ikkje noko val

Arve Opsanger seier Ap ikkje ser noko anna val enn å gå ut av koalisjonen. Han kan heller ikkje sjå at Ap ikkje har vore reielege i arbeidet med FrP.

– Arbeidarpartiet ser det som naudsynt å innføra eigedomsskatt for bustader (kr 15 mill) og næring (kr 5 mill) frå og med 2015 for å halda oppe viktige kommunale tenester. Arbeidet med innsparingar på den kommunale drifta har ikkje gitt nok resultat og andre tiltak må difor setjast i verk. Det er overordna for Arbeidarpartiet at god kvalitet på tenester innanfor omsorg og oppvekst blir vidareført. Dette gjeld heilårsdrift av 8 sjukeheimsplassar på Varaldsøy Aldersheim, seier Opsanger.

Partiet vil no ta kontakt med dei andre partia i kommunestyret, for å sjå om det er grunnlag for budsjettsamarbeid, mellom anna med Høgre.

– Er dette eit nederlag?

– Vi ser det ikkje som nederlag – slik er politikken. Saman har vi fått til mykje og vi føler ikkje vi har svikta FrP. Vi har vore reielege og på ein grei måte sagt frå om synspunktet vårt.

Opsanger meiner heller ikkje Ap har svikta FrP.

– Det er ingen avtalar som er hogne i stein, slår Opsanger fast.

Han påpeikar òg at fleire av innsparingsforslaga til Frp er uakseptable for Arbeidarpartiet. Dette gjeld nedskjeringar innanfor barnehagetilbod, bokbuss og helsesenter.

– Den økonomiske situasjonen i Kvinnherad kommune tilseier at kommunen sine utgifter må reduserast, Kvinnherad Arbeidarparti vil arbeida vidare med dette, men viktige tenester til barn og eldre må skjermast så langt som råd, seier han.

Synd

– Vi beklagar at samarbeidet i koalisjonen med dette blir avslutta, men ser at vidare samarbeid ikkje er i samsvar med Ap sine verdiar og program, seier Opsanger.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags