Akseptabelt lydnivå på Snikkeriet

Eli Kvalvågnes på Snikkeriet er tilfreds med støymålinga som viser at utestaden held eit lydnivå godt innanfor grensene. (Arkivfoto).

Eli Kvalvågnes på Snikkeriet er tilfreds med støymålinga som viser at utestaden held eit lydnivå godt innanfor grensene. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 2 år gammel

Sist veke skreiv Kvinnheringen ei sak under tittelen «Snikkeriet må dempa bassen». Innehavaren hevdar at avisa har misforstått rapporten frå støymålingane.

DEL

Det ser ut til at vi var for raske med å trekkja konklusjonar med utgangspunkt i Sweco sin rapport etter støymålingar på Snikkeriet den 27. september. Ved nærare studering av rapporten frå konsulentselskapet, kan vi summera innhaldet opp på denne måten:

Sweco køyrde lydtestar på 112 dB (desibel) og konkluderte med at styrken på  bassen må reduserast med minst 10 dB i høve til testmålinga for ikkje å vera helseskadeleg for naboane. I rapporten er det lagt vekt på at «målingane vart gjorde med eit høgt lydnivå, og at dette ikkje nødvendigvis er representativt for lydnivå som oppstår ved normal drift».

– Godt under grensa

Innehavaren av Snikkeriet, Eli Kvalvågnes, fortel at utestaden har gjennomført mange stikkmålingar på lydnivået under konsertar.

– Stikkmålingane viser at sjølv på dei mest lydrike konsertane ligg vi 10 til 15 dB under den anbefalte maksgrensa på rundt 100 dB. Gjennomsnittet vårt ligg på mellom 85 og 90 dB, noko som er godt under grensa for såkalla helseskadeleg lydnivå, seier Kvalvågnes.

Samtidig viser ho til det faktumet at lyd vert opplevd dobbel så sterk for kvar tredje dB den aukar i styrke, og at det derfor er ein enorm forskjell på til dømes 90 og 102.

To naboar har klaga Snikkeriet inn for kommunelegen med påstand om helseskadeleg og sjenerande støy. Akkurat det var utgangspunktet for at Sweco vart bestilt til å gjera jobben med lydmålingar.

– Sjølvsagt er det leit at naboar kjenner seg plaga, men vi har òg naboar som seier at støynivået herfrå ikkje er noko stort problem. Folk reagerer nok ulikt på lyd, legg innehavaren til.

Faste målingar

På eige initiativ vil Snikkeriet installera ein loggførande dB-målar på permanent basis. Her kan ein sjekka nøyaktig desibel-nivå på kva tidspunkt det skal vera.

– Bassen, som er lyden som vandrar lengst, må dempast når lydnivået er rundt 100, og det skal ikkje bli noko problem. For sannsynlegvis vil musikken aldri bli så kraftig at det blir nødvendig med demping. Det beste med målaren er at vi heretter kan dokumentera støyen på ulike tidspunkt og om nødvendig rapportera til kommunen, seier Kvalvågnes.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags