Solbakken held fram

Eit stort fleirtal i AP sitt styre og nye kommunestyregruppe vil heller samarbeida med SP, Frp og Venstre enn med Høgre.

Eit stort fleirtal i AP sitt styre og nye kommunestyregruppe vil heller samarbeida med SP, Frp og Venstre enn med Høgre.

Artikkelen er over 8 år gammel

www.kvinnheringen.no: Arbeidarpartiet har forkasta samarbeidet med Høgre og vil samarbeida med Framstegspartiet, Venstre og Senterpartiet dei neste fire åra.

DEL

Møteaktiviteten har vore stor i ettermiddag, og det forventa samarbeidet mellom Arbeidarpartiet og Høgre blir det truleg ingenting av. Dette betyr at Leif Sverre Enes låg an til å bli ordførar i rett over 48 timar. No er det Synnøve Solbakken som truleg blir ordførar, med Knut Prestnes som varaordførar.

Arbeidarpartiet hadde møte på vassverket på Husnes i ettermiddag og eit stort fleirtal i styret og den nye kommunestyregruppa seier dei heller vil samarbeida med Venstre, Senterpartiet og Framstegspartiet.

Eit svært skuffa forhandlingsutval, Arne Havnerås, Bjarne Berge og Peder Sjo Slettebø frå Høgre var berre i møte i fem minutt med AP, der dei fekk beskjed om at intensjonsavtalen mellom Arbeidarpartiet og Høgre ikkje er gyldig lenger.

Det var klokka 16.30 i dag AP fekk tilbod frå Sp, V og Frp om ordføraren i ein eventuell ny koalisjon.

AP påpeikar at det enno ikkje er 100 prosent sikkert at dei fire partia Frp, Sp, V og AP vil bli samde.

Skuffa

– Dette er svært skuffande, vi hadde tru på denne plattforma. Her er posisjon blitt viktigare enn politikk, seier Arne Havnerås.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags