Solbakken valt til ordførar

Synnøve Solbakken er valt til ny ordførar i Kvinnherad. Her saman med Mette Guddal og Mette Sandvik frå administrasjonen i Kvinnherad kommune.

Synnøve Solbakken er valt til ny ordførar i Kvinnherad. Her saman med Mette Guddal og Mette Sandvik frå administrasjonen i Kvinnherad kommune. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

www.kvinnheringen.no: Med 18 røyster vart Synnøve Solbakken valt til ordførar i Kvinnherad dei neste fire åra.

DEL

Etter to rundar med røysting er det klart at Synnøve Solbakken får ein ny periode på fire år som ordførar i Kvinnherad.

Det vart ikkje noko dramatikk under ordførarvalet, men det var ikkje med stor margin Solbakken vart valt.

Arne Havnerås sa at opposisjonen ved sist val hadde tillit til Synnøve Solbakken.

– Slik er det dessverre ikkje no, sa Havnerås, og foreslo Leif Sverre Enes som ordførar.

Otto Benjaminson la fram forslag om Marit Elisebet Totland som ordførar.

– Vi stemmer blankt i dag, sa Hege Røssland (SV)

Elin Legland forklarte at dei to i SP stod fritt til å stemma på den ordførarkandidaten dei ville.

Tharaldsen varaordførar

Med 18 mot 17 røyster vart Elisabeth Eide Tharaldsen (Frp) valt til varaordførar.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags