Gå til sidens hovedinnhold

7.500 kroner frå born i Ølve til born i Tanzania

Artikkelen er over 3 år gammel

På Ølve Montessoriskule har elevane hatt FN og barnerettane som eit fellestema i to veker. På slutten av skuledagen tysdag stod eit løp på timeplanen. Foreldre, besteforeldre, tanter og onklar sponsa elevane etter kor mange rundar dei sprang, og alle pengane gjekk til ein skule i Tanzania. Sponsorane og løparane var på førehand blitt einige om kor mykje ein runde var verd. Jo fleire rundar eleven klarte, jo meir pengar rann inn til føremålet.

Skulen som fekk gleda av pengane, er også ein Montessori-skule, nærare bestemt The Montessori School and Teacher Training Center i  Mwanza i Tanzania.

– Dette er venskapsskulen vår i Tanzania. Borna på skulen er også begynt å brevveksla med borna på denne skulen. Kunnskapar  om korleis born i andre delar av verda kan ha det har vore svært lærerike for elevane, fortel kontaktlærar Marit Bergheim Lyhammer.

Ho rosar elevane i Ølve for ein flott innsats i skuleløpet.

– Mange sprang 10 rundar, og ein av dei eldste elevane klarte heile 15, fortel Lyhammer.

Dei 31 elevane på skulen sprang inn imponerande 7.500 kroner.

I tillegg til skuleløpet hadde elevane tidlegare på dagen ei fargerik framføring av det dei har lært. "– Alle barn har rett til eit liv og ei framtid!" stod det i ein av tekstane på dei flotte plakatane som elevane hadde laga i samband med FN-dagen. Arbeidsgrupper har arbeidd med fakta om FN, UNICEF og borna sine rettar. Ei av gruppene har laga ein liten film for å illustrera ein av barnerettane. Ved hjelp av figurar i modellkitt og mange bilde, kunne gruppa stolt visa fram den vesle filmen, basert på artikkel 29 om retten til ein god skule.

Og ikkje berre det; elevane song også Lillebjørn Nilsen-visa «Barn av regnbuen» med klare stemmer, visa som handlar om at jorda er for alle, og at alle bør ha like rettar.

Kommentarer til denne saken