Slik følgjer du Kvinnheringen i sosiale medium

Av

OPS! Du kan få push-varslar direkte på mobilen. Husk innstillingar på mobilen!

DEL

På tide! vil nokon seia. Vås! vil andre tenkja. Kvinnheringen er uansett komen på Snapchat, og vi blir svært glade om du vil følgja oss. Her vil ein frå tid til annan få sjå kva journalistane brukar arbeidsdagen på, kor vi er for å skriva nyhende, samt mykje anna.

Snapchat håpar vi òg kan vera ein kanal de lesarar vil bruka til å tipsa oss i. Brukarnamnet vårt finn du nedst i denne artikkelen.

Ein har også høve til å få push-varslar (direktemeldingar) på mobilen dersom ein har applikasjonen til Kvinnheringen på anten iPhone- eller Android-telefonen sin. Applikasjonen (som er gratis), der ein kan lesa e-avisa eller gå direkte inn og få siste nytt på kvinnheringen.no, finn ein i App Store eller Google Play.

HUGS! Dersom du vil ha push-varsel når til dømes Halsnøytunnelen blir stengd, eller Hydro kjem med ei stor nyhende, må du gå inn på innstillingar på telefonen og sørgja for at Kvinnheringen sin app tillét varslingar.

Kvinnheringen i sosiale medium:

Snapchat
Brukarnamn: «kvinnhering1»

Instagram
Brukarnamn: «kvinnheringen»

Twitter
Brukarnamn: «kvinnheringen»

Facebook
Kvinnheringen har over 6.000 følgjarar. Dersom du ikkje er éin av dei, finn du oss her!


FAKTA

SoMe:

Forkorting for «sosiale medium». Dei mest vanlege er Facebook, Snapchat, Instagram, Twitter og Jodel, men det finst mange fleir, som Ask.fm, VSCO, Tumblr, LinkedIn, Tinder osb.

Instagram:

App for foto-deling som gjer det mogleg for brukarar å ta eit bilde, eller ein videosnutt, leggja til enkle effektar, og deretter dela det med andre Instagram-brukarar som kan sjå dei, klikka «liker» og kommentera dei. Instagram blir også kalla «mikroblogg».

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags