Sp-ultimatum til Prestnes

Knut Prestnes (t.v.) har no meldt seg ut av Senterpartiet. Her med Sp-leiar Elin Legland (t.h.). (Arkivfoto).

Knut Prestnes (t.v.) har no meldt seg ut av Senterpartiet. Her med Sp-leiar Elin Legland (t.h.). (Arkivfoto).

Artikkelen er over 7 år gammel

www.kvinnheringen.no: Knut Prestnes må bryta sin personlege avtale med Ap, Frp og V eller melda seg ut av Sp

DEL

Fylkesstyret i Senterpartiet i Hordaland har handsama sak om illojalitet frå innvald kommunestyremedlem Knut Prestnes si side i Kvinnherad Senterparti, på grunnlag av brev frå lokallaget og samtalar med lokallagsleiar og Knut Prestnes.

Kvinnherad Senterparti har vedteke at Sp ikkje skal inngå i samarbeid som inkluderer Frp, men Knut Prestnes har likevel inngått avtale med ein fraksjon av Ap, Frp og V. Prestnes set med dette sine personlege interesser over partiet sin politikk, mot å bli førespegla ein mindre posisjon i kommunestyringa. Dette representerer klår illojalitet i høve til partiet, og det er også i strid med kommunelova. Ved forholdsval til formannsskap, faste utval m.m. bestemmer § 36 at kandidat frå Sp berre kan førast opp på partiet sitt listeforslag, og ikkje på andre parti sine. Eit vedtak i tråd med avtalen, omfattande Sp-medlem Knut Prestnes, vil såleis bli ugyldig, går det fram av ei pressemelding frå Hordaland Senterparti.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags