Ny storsum til idrettshall

(Skjermdump frå planteikningane).

(Skjermdump frå planteikningane).

Styret i Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad har bestemt å gi ytterlegare 3,5 millionar til bygginga av Kvinnherad Arena.

DEL

Det kjem fram i ei pressemelding onsdag ettermiddag.

Stiftinga har no reservert eit samla beløp på 15,5 millionar sidan første reservasjon blei gjort for fem år sidan, står det.

– Kvinnherad Arena er eit prosjekt som vil vera bra for heile kommunen og Husnes som regionsenter. Kapasiteten i gymsalar og i idrettshallen er sprengt, står det i meldinga, signert styreleiar Svein Arne Eidsvik.

Bygginga av Kvinnherad Arena blei vedteke av kommunestyret i mars 2019.

Tidlegare onsdag melde Grenda at det er askøybedrifta Hordaland Entreprenør som skal stå for grunnarbeidet på Kvinnherad Arena-tomta. Hordaland Entreprenør AS sitt tilbod var på 15.885.785 kroner. Dei har 201 dagar på å gjennomføra arbeidet.

Ti bedrifter var med i anbodskonkurransen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken