Endre Eide til ny klubb

Endre Eide har gjort det bra i sin første sesong som trenar på seniornivå. No byter han klubb. Foto: Grethe Nygaard.

Endre Eide har gjort det bra i sin første sesong som trenar på seniornivå. No byter han klubb. Foto: Grethe Nygaard.

Endre Eide forlèt Vedavåg og skal trena A-laget til Djerv 1919 neste sesong.

DEL

Maid Memic, som har vore spelande assistenttrenar under Endre Eide i Vedavåg denne sesongen, slår følgje med den tidlegare Trio-spelaren til Djerv. Det skriv Haugesunds avis søndag kveld.

Saman førte dei Karmøy-klubben til avdelingssiger i 5. divisjon og opprykk til 4. divisjon.

23 år gamle Eide frå Husnes signerte i fjor haust ein 3-årskontrakt med SK Vedavåg Karmøy, men har nytta seg av ein klausul om å kunna seia opp kontrakten før 1. desember.

LES OGSÅ: Opprykksfest og TV-kamp 

No skal altså Eide og Memic leia Djerv 1919, som møter Vedavåg i 4. divisjon neste sesong.

Vedavåg spelte siste kamp for sesongen laurdag. Mot Moi i sluttspelet av krinsmeisterskapen blei det 2–4-tap for Eide & co.

Artikkeltags