Furdal blei norgesmeister – Viking vann cupfinalen

Viking-spelarane kunne jubla etter at Zlatko Tripic scora på straffe under NM-finalen mellom Haugesund og Viking på Ullevaal Stadion søndag. Johnny Furdal til høgre.
Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix.

Viking-spelarane kunne jubla etter at Zlatko Tripic scora på straffe under NM-finalen mellom Haugesund og Viking på Ullevaal Stadion søndag. Johnny Furdal til høgre. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix.

Johnny Furdal (33) og hans Viking kunne søndag ettermiddag jubla for NM-gull.

DEL

Sjå høgdepunkt her:
FK Haugesund–Viking 0–1

33-åringen frå Dimmelsvik har gjort sine saker bra for Viking på seinhausten, og fekk søndag plass i startoppstillinga då Viking og Haugesund barka saman på nasjonalarenaen.

Første omgang var prega av mange lange ballar og tøffe duellar på Ullevaal-matta. Noko som kunne tyda på nervøsitet i begge leirar.

Viking var det beste laget i 1. omgang og sette Haugesund på prøve med sine kjappe kontringar. Etter eit kvarter mottok Furdal ballen på kanten av 16. meteren. Midtbanespelaren frå Kvinnherad prøvde å finna Viking-ving Ibrahimaj på bakarste stolpe, utan at det blei noko ut av headinga.

Like etterpå var Furdal & co. nære ved å gå opp i leiinga, men Viking-spiss Benjamin Källman sette ballen nokre centimeter på utsida av stolpen.

Fem minutt etter kvilen blei Viking sin kaptein, Zlatko Tripic, lagt ned i FKH sin 16. meter. Dommar Espen Andreas Eskås peikte på straffemerket. Kapteinen gjekk sjølv fram og sende siddisane i føringa. Furdal og lagkameratane kunne feira saman med Stavanger-publikumet.

Får sjansen i Europa

Det har denne sesongen vore tøff konkurranse om midtbaneplassane i Viking, og i det 68. minutt blei Furdal bytta ut til fordel for Fredrik Torsteinbø. Den tidlegare Rosendal-, FKH-, Trio- og Nest-Sotra-spelaren gjorde jobben, men fekk ikkje vist fram sine fremste offensive kvalitetar i ein tidvis rotete kamp med mange duellar.

Haugesund pressa for utlikning, men blåtrøyene frå Jåttåvågen heldt unna. Dermed skal Furdal & co. ut i Europaliga-kvalifisering neste sesong.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags