Furdal kan bli ein del av Brann-troppen i sesongoppkøyringa

Brann-trenar Lars Arne Nilsen og Johnny Furdal på treningsfeltet i november. (Arkivfoto).

Brann-trenar Lars Arne Nilsen og Johnny Furdal på treningsfeltet i november. (Arkivfoto).

Brann si interesse for Johnny Furdal (31) er der enno, skal vi tru sportssjef Rune Soltvedt.

DEL

17. januar reiser Eliteserie-laget til Gran Canaria på treningsleir. Soltvedt bekreftar til Kvinnheringen at Brann enno er interesserte og at dei vurderer høvet for å ha med omvikdelingen på treningsfeltet igjen. Furdal trente med raudtrøyene i november.

– Det er for tidleg å seia noko. Trenarapparatet møttest igjen i dag for å diskutera korleis ting skal bli. Vi har ein god dialog med Nest-Sotra. Han er ein spelar vi synest er spennande, men vi må ta høgde for at han har ein kontrakt, seier Brann sin sportssjef, Rune Soltvedt, til Kvinnheringen onsdag ettermiddag.

Soltvedt fortel at Furdal gjorde eit godt inntrykk under treningane i november.

– Vi har mange spelarar i troppen, men det kan henda at interessa er så stor at vi vil prøva å knyta han til oss. Det kan òg henda vi ønsker ein god relasjon og må sjå på det på eit seinare tidspunkt. Eit nytt treningsopphald ville uansett vore gunstig for å sjå meir av han. Det er likevel for tidleg å seia noko, seier Soltvedt.

31-årige Furdal har heile vegen vore klar på at ein Brann-kontrakt vil koma som ein bonus for han.

– Fotballen er kynisk. Eg òg skjønar det at Brann har lyst å henta inn yngre og betre spelarar enn meg. Om dei ikkje får til det, så kan det jo vera at eg kan bidra. Eg har full forståing dersom det ikkje blir noko. Blir det noko, tar eg det som ein bonus, sa Furdal då Kvinnheringen møtte han i Rosendal i romjula.

Les også:

Rune Åsheim Mo har bestemt seg

Artikkeltags