– Invitert til Gran Canaria med Brann

Brann-trenar Lars Arne Nilsen og Johnny Furdal på treningsfeltet i november. (Arkivfoto).

Brann-trenar Lars Arne Nilsen og Johnny Furdal på treningsfeltet i november. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Onsdag ettermiddag kunne Kvinnheringen fortelja at Johnny Furdal var aktuell for endå eit treningsopphald i Brann.

Eliteserie-laget sin sportssjef Rune Soltvedt, fortalde at raudtrøyene såg på høvet for å ta med omvikdelingen i sesongoppkøyringa.

Torsdag føremiddag skriv BA at 31-åringen har fått tilbodet om å bli med på treningsleir. Laget reiser til Gran Canaria 17. januar for eit to veker langt treningsopphald. Han skal trena med Brann frå måndag av, fram til avreise.

– Vi ønsker sjølvsagt å gi Johnny denne sjansen, og sjølvsagt skal han få vera med Brann på treningsleir til Gran Canaria, seier Nest sin sportssjef, Arve Haukeland, til BA.

Midtbaneeleganten frå Kvinnherad trente med Brann også i november. Han er på veg inn i sin ellevte sesong for OBOS-ligaklare Nest-Sotra.

Les også:

Viss Johnny Furdal får Brann-kontrakt, er erstattaren allereie på plass

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags