Kjetil Eide har signert for Halsnøy

Kjetil Eide (t.h.) skal spela for Halsnøy igjen. Her under vårens siste heimekamp for Trio.

Kjetil Eide (t.h.) skal spela for Halsnøy igjen. Her under vårens siste heimekamp for Trio.

Forlet Trio og vender heim.

DEL


Leiar i fotballgruppa til Halsnøy, Richard Erlandsen, kan tysdag fortelja til Kvinnheringen at Kjetil Eide vender heim til Halsnøy.

Midtbanespelaren har signert for dei blågule og blir truleg klar allereie til helga då Halsnøy spelar første haustkamp i 6. divisjon.

– Dette er etter hans eige ønske, og til vår store glede. Han ville heim igjen, og ser nok verdien i å løfta Halsnøy-fotballen. Å få Kjetil tilbake er fantastisk for oss og vil forhåpentlegvis gi laget eit kjempeløft. Det er like gledeleg som det var trist då han forsvann, seier Erlandsen til Kvinnheringen tysdag.

– Eg manglar motivasjon og er ganske lei. Eg fortalde det til trenaren tidlegare i sommar. Eg har hatt det veldig kjekt i Trio med gode lagkameratar og trenarar, seier Eide til Kvinnheringen.

Trio-trenar Aleksander Blokhus Ekeland synest det er trist at laget mistar ein av sine beste spelarar. Eide forlet raudtrøyene i 4. divisjon etter ein sesong prega av skadar.

– Vi er ikkje tent med å ha folk som er umotiverte, sånn sett er det kanskje til det besta. Vi må kanskje spela på ein litt annan måte. Vi har mange gode spelarar på veg tilbake frå skade, så eg ser ikkje mørkt på det, seier Blokhus Ekeland.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags