Tor Gundersen er ny Halsnøy-trenar

Frå Rosendal til Halsnøy.

DEL

Gundersen frå Uskedalen gav seg som trenar for Rosendal/Trio sitt damelag etter fjoråret.

Leiar i fotballgruppa til Halsnøy, Richard Erlandsen, fortel til Kvinnheringen onsdag at Gundersen har takka ja til å ta over som Halsnøy-trenar.

– Dette er vi veldig glade for. Tor kjem hit som eit nytt fjes og med blanke ark. Han kjenner ikkje spelarane her, men har lang erfaring frå lokalfotballen både som trenar og spelar, seier Erlandsen.

Halsnøy rykte ned til 6. divisjon etter sesongen i fjor. Erling Hansen, som trente dei blågule, blir med vidare.

– Tor var eigentleg innstilt på eit kvileår, men fann tilbodet vårt både spennande og utfordrande. Og at Erling er med vidare som spelar og i ei assistentrolle, er vi kjempeglade for, avsluttar Erlandsen.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags