Krafttak i Odda

Til helga er det duka for handbakturnering i Norgescupen i Odda.

DEL

Fredag 15. mars skal det vera handbakturnering under Hardanger Spillfestival i Odda. Dagen etter, laurdag 16. mars, skal Hardanger Handbakklubb vera vert for det andre av totalt seks stevne i Norgescupen, som blir halde på Lindehuset i Odda. Klubben opna nett handbak-avdeling på Husnes i regi av «kraftgutta» Stian Huse og Øystein Opsanger.

– På Norgescupen er det allereie 50 påmeldte, og då snakkar vi folk frå norgeseliten med gode meritter frå både EM og VM. Ein av deltakarane kjem heilt i frå Singapore, opplyser klubbleiar Erling Midttun frå Granvin til Hardanger Folkeblad.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags