Tina Abdulla tatt ut til ny landslagssamling

Tina Abdulla er tatt ut til ny samling med Norge. (Foto frå akrivet).

Tina Abdulla er tatt ut til ny samling med Norge. (Foto frå akrivet).

Husnes-jenta er tatt ut til si andre rekruttsamling med flagget på brystet.

DEL

Tysdag tok Norges Håndballforbund ut troppen til neste samling for rekruttlandslaget.

Igjen er Tina Abdulla å finna blant dei utvalde.

Rekruttjentene skal samlast i Kristiansand frå 21–24. februar, der mellom andre landslagssjef Thorir Hergeirsson skal vera til stades.

21-åringen blei mildt sagt overraska då landslagssjefen ringde ho i november og tok ho med på si første seniorsamling med landslaget. Denne gong går samlinga utan kampar.

Tina Abdulla og Tertnes møter den folne storheiten Larvik i eliteserien onsdag kveld. Oppgjeret kan ein sjå direkte på Kvinnheringen.no!

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags