Sjå direkte: Opning av Halsnøy si nye storstove og lokaloppgjer mot Rosendal

Laurdag er det opning av Halsnøy Idrettslag si nye storstove. F.v.: Ingvar Hølland, Christine Solheim Fjelland, Richard Erlandsen, Roger Sjo og David Sjo. Her frå ein dugnadsdag i april. (Arkivfoto).

Laurdag er det opning av Halsnøy Idrettslag si nye storstove. F.v.: Ingvar Hølland, Christine Solheim Fjelland, Richard Erlandsen, Roger Sjo og David Sjo. Her frå ein dugnadsdag i april. (Arkivfoto).

Av

Kvinnheringen sender direkte frå Halsnøy Kunstgras. Lokaloppgjeret går med ein kommentator frå kvar leir.

DEL
  • Få med deg opninga av Halsnøy sitt nye klubbhus frå klokka 13.00 på Kvinnheringen.no laurdag! Kampstart er 15.00 (+)

Rundt 3.500 dugnadstimar, innkjøpte oppdrag og økonomisk støtte frå seks investorar, har gjort at dei blågule no kan avduka det 600 kvadratmeter store klubbhuset på Sætre.

– Det blir ein merkedag for klubben. Gledas dag for store og små. Dette er viktig for både dagens medlemmar og framtidige generasjonar. Mykje arbeid ligg bak oss, og vi får det travelt fram til laurdag, men det er berre gøy, seier Richard Erlandsen, styreleiar for klubbhuset og fotballgruppa.

Det blir musikk, talar og snorklipp under opninga.

– Alle som ønskjer å vera med er velkomne. Det blir servert kaffi, saft og kake som opplading til eit forrykande lokaloppgjer, fortel Erlandsen til Kvinnheringen.

Kommentator frå kvar leir

– Njardar/Tysnes kunna ikkje stilla lag på laurdag. For oss er det då hell i uhell at Rosendal hadde høve. Det er ei optimal løysing i samband med opninga av klubbhuset. Dette er jo dei kampane vi ser mest fram til i årets seriespel. Lokaloppgjer skapar engasjement, og då er det ekstra gøy at det blir spelt på ein dag som dette. Vi håpar folk finn tid og høve til å ta turen til Halsnøy på laurdag, avsluttar styreleiaren.

Seriekampen mellom Halsnøy og Rosendal i 6. divisjon skulle eigentleg blitt spelt 22. juni som siste kamp før sommarpausen.

Keeperveteran Ingvar Hølland (49) skal kommentera laurdagens derby saman med Rosendal sin midtstoppar Ian Bjørke (19). Hølland spelte sin (førebels?) siste seriekamp for Halsnøy i 2017-sesongen. Bjørke frå Rosendal har starta begge dei to første kampane for kvittrøyene, men måtte førre laurdag gå av banen med skade.

Ian Bjørke (t.v.) og Ingvar Hølland skal bidra med fakta og fotballpreik – og kanskje litt humor og spydigheitar – under laurdagens oppgjer mellom Halsnøy og Rosendal.

Ian Bjørke (t.v.) og Ingvar Hølland skal bidra med fakta og fotballpreik – og kanskje litt humor og spydigheitar – under laurdagens oppgjer mellom Halsnøy og Rosendal.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags