Bronse til Kvinnherad

I alt var det 20 ulike lag, frå alle delar av landet, som stilte då Kvinnherad Bogeskyttarklubb inviterte til Noregsmeisterskap i Tveitedalen.

I alt var det 20 ulike lag, frå alle delar av landet, som stilte då Kvinnherad Bogeskyttarklubb inviterte til Noregsmeisterskap i Tveitedalen.

Denne helga arrangerte Kvinnherad Bogeskyttarklubb NM i Tveitedalen. Av totalt 20 deltakande lag, hamna klubben på ein solid tredjeplass.

DEL

Denne helga var det folksamt i Tveitedalen då den nokså ferske Kvinnherad Bogeskyttarklubb arrangerte noregsmeisterskap i 3D-skyting.

I konkurransen var det om å gjera å treffa ulike gummidyr i naturleg storleik på ulike avstandar. I alt var det 133 deltakarar i meisterskapet, og Kvinnherad Bogeskyttarklubb utgjorde 11 av desse.

Kvinnherad gjorde det godt i fleire av dei ulike klassane, i meisterskapet som strekte seg over to dagar.

Etter opningsseremonien, der Husnes musikklag skapte høgtidsstemning då dei spelte nasjonalsongen, var det klart for innskyting og innleiande rundar.

Dei resulterte i at Kvinnherad mellom anna kvalifiserte seg til finalerundar i lagskyting, og etter gode prestasjonar blei det bronse på Hans Einar Holmedal, Terje Bakke og Atle Helland.

Samstundes skaut Taisto Erkinharju til ein sterk andreplass i «Bogejegar»-klassen.

Unge lovande

I åttetida søndag morgon var det duka for eliminasjonsrundar for dei åtte beste med påfølgjande finaleskyting.

Her viste Lukas Aleksander Sunde (13) og Kristianna Margreta Øvrehus (15) at framtida til Kvinnherad Bogeskyttarklubb er lovande, og begge hamna på toppen av sigerspallen i «instinktiv rekrutt»-klassen.

Kvinnherad Bogeskyttarklubb kan smykka seg med både medaljar og eit vellukka meisterskap, og kan sjå fram til 2020, då dei igjen skal arrangera NM i Tveitedalen.

Resultat etter finalerundar for lag:

1. Sandefjord Bueskyttere

2. Laugen Bueskytterklubb

3. Kvinnherad Bogeskyttarklubb

4. Klepp Bueskyttere

5. Hardanger Bogeskyttarklubb

6. Solør Bueskyttere

7. Bergen Bueskyttere

8. Drammen Bueskyttere

9. Lillehammer Bueskytterklubb

10. Kvinnherad Bogeskyttarklubb (2)


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags