Skal senda eliteserie for både kvinner og menn direkte

No kan ein sjå husnesjenta Tina Abdulla og Tertnes sine seriekampar på Kvinnheringen.no frå veke til veke. (Arkivfoto: Jonn Karl Sætre).

No kan ein sjå husnesjenta Tina Abdulla og Tertnes sine seriekampar på Kvinnheringen.no frå veke til veke. (Arkivfoto: Jonn Karl Sætre).

Av

Kvinnheringen sender direkte frå ei rekke lokale arrangement, i tillegg til alle fotballkampar i Toppserien for kvinner og PostNord-ligaen. No kan også abonnentar sjå handball og volleyball frå øvste hylle.

DEL

Amedia, som er eigar av Kvinnheringen, inngjekk denne veka avtale med Norges Håndballforbund og Norsk Topphåndball. Avtalen betyr at Amedia sine lokalaviser og Nettavisen trappar opp dekninga av handball.

Som Kvinnheringen-abonnement vil ein no kunna sjå alle kampar frå handballen sine toppseriar. I tillegg har Amedia også visningsrett for nivå to og tre.

Generalsekretær Erik Langerud i Norges Håndballforbund seier at avtalen med Amedia er viktig for norsk handball:

– Dette er ein stor dag. Med Amedia på laget vil vi auka både merksemda og engasjementet gjennom brei distribusjon i landets lokalaviser. Samstundes vil Nettavisen bidra til riksdekkande merksemd. Amedia er ein perfekt partnar, og vil i enda større grad auka interessa for norsk handball med eit lokalt preg, seier Langerud.

Norsk Topphåndball sentralt og eliteserieklubbane er også glade for å få Amedia med på laget.

– Dette er noko klubbane har ønskt å få til, og vi er sikre på at vi saman vil sikra ei god utvikling av topphandballen i media, fortel dagleg leiar i Norsk Topphåndball, Hein Barthold.

Handballen er den nest største idretten i Norge, etter fotball, med over 135.000 utøvarar over heile landet. Håndballforbundet vil saman med Amedia sine lokalaviser, Nettavisen og TV 2 vidareutvikla opplevinga av handballen både på vanleg tv og via strøymetenester for dei som ikkje ser kampane i handballhallen.

Amedia sine aviser og mediehus skal overføra minst 260 kampar fra øvste nivå, samt produsera og senda ei rekke handballkampar frå 1. og 2. divisjon.

Konsernsjef Are Stokstad i Amedia meiner avtalen med Håndballforbundet er viktig for landet sine lokalaviser og Nettavisen.

– Handball er ein viktig idrett som engasjerer både nasjonalt og i lokalsamfunn over heile Norge, og som det er ei viktig oppgåve for avisene å ha ein brei og god dekning av. Avtalen betyr at Amedia sine medium no blir sentrale møteplassar for handballinteresserte nordmenn, og at handballklubbane får auka merskemd og spreiing. Med den avtalen vi no er blitt enige om, er dei 513.000 abonnentane våre sikra direktesendt sportsjournalistikk av høg kvalitet, og over heile landet kan handballinteresserte no finna sitt favorittlag gjennom Amedia sin felles portal for sportsinnhald, Norgessporten, seier konsernsjef Are Stokstad.

Avtalen med Norges Håndballforbund varer i fire år.

Amedia si satsing på direktesendt sportsjournalistikk omfattar også fotballkampar frå PostNord-ligaen, Regionsligaen, NM og Toppserien, samt øvste nivå i basket, ishockeyens 1. div. og ei rekke andre lokale arrangement.

I begynnelsen av oktober startar volleyballsesongen opp. Her er også Kvinnheringen rettshavar gjennom Amedia. Det betyr at du mellom anna kan sjå TIF Viking sine herre- og damelagskampar. Yngve Sundfjord frå Ølve spelar i klubben.

Seriestart er 6. oktober. Amedia sin volleyballavtale går over tre år.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags