Rosendal kjempar for å unngå nedrykk: Sjå lokaloppgjeret mot Halsnøy her

Mykje står på spel når Rosendal og Halsnøy møtest til dyst laurdag. Her frå våroppgjeret på Halsnøy.

Mykje står på spel når Rosendal og Halsnøy møtest til dyst laurdag. Her frå våroppgjeret på Halsnøy.

Av

Kvittrøyene har alt i eigne hender når Halsnøy kjem på besøk i siste serierunde laurdag.

DEL

Sjå Rosendal–Halsnøy på Kvinnheringen.no kl. 15.30!

Rosendal hadde ein god vårsesong i 6. divisjon. Lenge var det nabo og avdelingsrival Halsnøy som kjempa i botn. Men i haust er det snudd.

Etter å ha henta heim Kjetil Eide frå Trio og fått ny giv med Kjartan Mehammer som trenar, har dei blågule vunne kamp etter kamp i haust og klatra til 4. plass på tabellen. I Rosendal har det gått tråare.

I oppgjeret i Rosendal på laurdag står nemleg alt på spel for Trond Inge Haugland sine menn. Dersom Nore Neset/Lysekloster 2 tar tre poeng borte mot opprykksklare Trane, og Rosendal tapar mot Halsnøy, står laga med like mange poeng. Rosendal har betre målforskjell, men sidan laget ikkje stilte til kamp borte mot Søre Neset, går Nore Neset/Lysekloster 2 forbi på tabellen og sender Rosendal ned til 7. divisjon.

I det motsette oppgjeret i vår, då Halsnøy opna det nye klubbhuset sitt, var det Rosendal-laget som imponerte mest. Men Halsnøy-spiss Håvard Vågen sørgja for 2–2 då han utlikna eitt minutt før full tid.

Slik ser tabellen i 6. divisjon ut før siste runde.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags