Håpar fleire vil melda seg som frivillige

Monica Anette Haugsdal, som jobbar på Vaksenopplæringa, spurde mora Inger Marie Monsen (t.h.) om ho kunne ta på seg å ha elevar på språktrening. Det takka ho ja til, og oppmodar andre pensjonistar om å melda seg som frivillige.

Monica Anette Haugsdal, som jobbar på Vaksenopplæringa, spurde mora Inger Marie Monsen (t.h.) om ho kunne ta på seg å ha elevar på språktrening. Det takka ho ja til, og oppmodar andre pensjonistar om å melda seg som frivillige.

Artikkelen er over 2 år gammel

Pensjonist Inger Marie Monsen (71) har fått to nye vener og hjelparar i Daniel frå Eritrea og Osman frå Syria. Ho oppmodar fleire om å gi utlendingar språktrening. – Det er vinn-vinn!

DEL

Monica Anette Haugsdal jobbar som programrettleiar på Vaksenopp-læringa, og bur på Halsnøy. Ho hjelpte til med å busetja eritreiske Daniel Tesfamariam (19) i eit bufellesskap på Halsnøy i fjor, og dermed fekk han mykje med familien til Monica Anette og gjera.

– Eg sleit med å finna språktreningsplass til han, og så kom eg på å spørja mamma. Ho tok utfordringa på strak arm, smiler Monica Anette.

Og ikkje nok med det, no har Inger Marie også takka ja til å gi språktrening til Osman Dasho (42) frå Syria.

– Eg likar blant anna hagearbeid. Dei hjelper meg med slikt, og får samtidig øving i å snakka norsk. Fordi dei er frå ulike land må dei snakka på norsk både seg imellom og med meg. Det er vinn-vinn for alle tre, meiner Inger Marie.

– Eg lærer norsk på skulen, det same gjer barna mine, men heime går praten på arabisk. Derfor er det viktig å få språktrening andre stader, og å ha noko å gjera på om dagane, seier Osman.

Daniel frå Eritrea (t.v.), Osman frå Syria og Inger Marie frå Halsnøy er i full sving med å grusa ein parkeringsplass bak Lonabråtet på Husnes. Slik får dei både jobba, vera sosiale og snakka norsk ilag.

Daniel frå Eritrea (t.v.), Osman frå Syria og Inger Marie frå Halsnøy er i full sving med å grusa ein parkeringsplass bak Lonabråtet på Husnes. Slik får dei både jobba, vera sosiale og snakka norsk ilag.

Arbeidsam gjeng

Då vi møtte dei førre veke var alle tre i sving med å grusa ein parkeringsplass i Lonabrotet, ved lokala der Vaksenopplæringa no har flytta inn. Vi fekk inntrykk av at Daniel og Osman syntest det var kjekt å få jobba på denne måten.

– Eg tok kontakt med Tekniske tenester i kommunen for å få tak i grus, og så gjer mamma, Daniel og Osman jobben. Det var Tekniske tenester fornøgde med, seier Monica.

Både Daniel og Osman bur no på Sunde. Daniel og dei han budde med i bufellesskapet ville nærmare Husnes, og måtte dermed skaffa ny bustad sjølv. No leiger dei privat. Osman blei først busett i bufellesskap i Herøysundet i november i fjor, men då han fekk familiegjenforeining i juli måtte han og familien ha eige hus, og blei flytta til Sunde. No har driftige Inger Marie teke på seg jobben med å gjera det fint rundt desse husa også, ilag med bebuarane sjølve.

Kan motvirka einsemd

Monica seier at fleire av elevane til Vaksenopplæringa treng språktrening, og håpar fleire vil melda seg frivillig slik som mora har gjort.

– Eg tenkjer at mange eldre kunne hatt god hjelp av denne ordninga. Mange seier dei er einsame, og på denne måten kunne både utlendingane og dei eldre fått nye personar i nettverket sitt. Språktreningseleven får nokon å snakka norsk med, medan pensjonisten kanskje kan få hjelp til å bæra tunge posar heim frå butikken eller til å henta noko tungt ned frå loftet, til dømes, føreslår Inger Marie.

Både mor og dotter oppmodar alle som kunne tenkja seg å ha nokon av elevane frå Vaksenopplæringa i språktrening hos seg, om å ta kontakt med Monica Anette på telefon 47623829.

– Og om nokon synest det verkar litt skummelt, kan eg vera med og «guida» litt og fortelja kor kjekt det er! smiler Inger Marie.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags