Statsministeren til Kvinnherad

Statsminister Erna Solberg besøker Kvinnherad. (Pressefoto).

Statsminister Erna Solberg besøker Kvinnherad. (Pressefoto). Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Fredag kjem både statsminister Erna Solberg og kulturminister Linda Helleland til Kvinnherad.

DEL

Dei to damene reiser ikkje saman og har to heilt ulike program for dagen. Linda Helleland skal vera her først på dagen, medan Statsministeren kjem om ettermiddagen.

– Hydro har ytra ønskje om å få møta statsminister Erna Solberg og vi har for ei tid tilbake sidan invitert Solberg til Kvinnherad. Ho har no takka ja til å koma, seier ordførar Peder Sjo Slettebø.

Statsministeren skal under turen til Kvinnherad ha møte med direktør ved Harding, Styrk Bekkenes, og direktør i Hydro Husnes, Per Øyvind Sævartveit. Med på møtet, som skal finna stad i kantina til Harding, skal òg ordførar Peder Sjo Slettebø og varaordførar Hans Inge Myrvold vera.

– Harding er ein stor arbeidsgjevar i Kvinnherad kommune, og ei industriverksemd lokalisert i Kvinnherad. Dei er inne i ei stor omstilling saman med resten av norsk industri, og det er viktig at dei kan få fortelja om sin kvardag til Erna Solberg, forklarar Slettebø.

Ordføraren vil òg nytta høvet til å fortelja om Kvinnherad kommune sine utfordringar og kor viktig ei satsing på betre kommunikasjon er.

– Vi set stor pris på at statsministeren kjem til Kvinnherad. Eg meiner det er verdifullt med besøk av både statsminister og kulturminister. Det er stas å visa fram døme på solide verksemder vi har her i kommunen, sluttar ordføraren.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags