Stjerner i ny reklamefilm

Dei 14 tilsette på Spar i Uskedalen skal vera med i ein reklamefilm for Spar-kjeda. Her er fire av dei saman med skodespelar Jeppe Beck Laursen (t.v.).

Dei 14 tilsette på Spar i Uskedalen skal vera med i ein reklamefilm for Spar-kjeda. Her er fire av dei saman med skodespelar Jeppe Beck Laursen (t.v.). Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

www.kvinnheringen.no: Dei tilsette på Spar i Uskedalen vert stjerner i ein ny reklamefilm på tv.

DEL

Det vart ein noko uvanleg arbeidsdag for dei 14 tilsette som onsdag ettermiddag fekk besøk av eit produksjonsteam med kamera- og lysutstyr. Dei var i Uskedalen for å spela inn den siste av ti reklamefilmar for Spar-kjeda – med dei lokale tilsette som skodespelarar. Medan nyfikne kundar traska rundt mellom butikkhyllene og handla som vanleg, vart nokre av dei tilsette sminka av stylist Solveig Åkra, medan andre spelte inn scener ulike stader i butikken.

– Dette er verkeleg ein annleis dag på jobben! Vi kjenner oss heldige som får vera med på dette, smiler dagleg leiar på Spar i Uskedalen, Bente Nilsen.

Dei tilsette var med i ei rekkje scener som handla om service, og det er nettopp på grunn av god service at Spar i Uskedalen er plukka ut til å vera med på reklamesnutten.

– Vi har lege på toppen når det gjeld service i Spar-kjeda i Norge, og difor ville dei koma hit og laga reklamefilm med oss. Det er veldig artig å vera med på, fortalde tilsett Jannike Myklebust.

Tonen var god mellom dei tilsette og skodespelar Jeppe Beck Laursen, som nok er eit kjent ansikt for mange. Han har figurert i dei andre reklamefilmane for Spar, og har spelt i norske filmar som «Død snø» og «Legenden om fjordheksa».

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags