Det er uvisst kor mykje laks som rømde frå Sjøtroll Havbruk sin lokalitet Skorpo og Eide Sjøbruk sin lokalitet utanfor Snilstveitøy etter stormen i helga. Det vart oppdaga ei revne på mellom tre og fire meter i ein merd på lokaliteten til Sjøtroll og ei revne på 20x30 centimeter på lokaliteten til Eide Sjøbruk.

Då holet i nota vart oppdaga ved, vart det straks sett i gang arbeid med å tetta merdane. Garn vart sett ut i området rundt begge anlegga for å gjenfanga den rømde laksen som hadde ei snittvekt på 800 gram.

Då Kvinnheringen var ute ved anlegget på onsdag var det arbeid i gang med å trekkja opp garna.

– Vi veit ikkje kor mykje fisk som er rømd. Vi har gjort det vi kan no for å fanga opp den rømde fisken, seier Jonny Hansen ved anlegget utanfor Skorpo.

– Så no er det berre å starta fiske for privatfolk?

– Nei, eg trur ikkje det vert så mykje av det. Fisken er så liten at den stikk nok til havs og vil døy ut, seier Hansen.

Omsyn til sjøaure
Grunnen til at gjenfangsten no er avslutta, er omsynet til sjøauren i området. Fangsten av sjøaure auka under gjenfangsten, medan fangsten av laks avtok. Då fangsten vart avslutta var det fanga opp rundt 200 av den rømde laksen.

Først når fôringa har stabilisert seg vil det bli mogleg å få eit oversyn for talet på laks som er rømd.

Seniorrådgjevar, Geir Martin Kvamme, ved Fiskeridirektoratet region Vest, trur ikkje den rømde laksen vil utgjera noko problem for villaksen.

– Laks på denne storleiken er vanlegvis ikkje kjønnsmoden, og trekkjer i liten grad opp i elvane. Det er òg ein svært liten del av denne fiskestorleiken som trekkjer til elevane i seinare sesongar, seier Kvamme til Kyst.no.