Tre lokale energiselskap går saman for å møta den nasjonale konkurransen

(Arkivfoto).

(Arkivfoto).

Kvinnherad Energi, Hardanger Energi og Odda Energi går saman om marknadsføring og sal av straum.

DEL

Samarbeidsselskapet «Lokalkrafta» vart stifta 22. mai av dei tre nemnde selskapa, går det fram av ei pressemelding frå Kvinnherad Energi.

– Vi gjer dette for å møta konkurransen frå større nasjonale selskap, og vi trur det er mogleg å behalda lokale kraftsalsverksemder i distriktet når e-verka no må skilje ut denne delen av verksemda i eige selskap, står det å lesa.

Samarbeidet er basert på at selskapa gjennom felles marknadsføring og merkevarebygging kan fortsetja å tilby kundane konkurransedyktige vilkår på kraft, og samtidig sikre at det blir lagt igjen midlar i lokalsamfunnet.

– Vi er glade for å kunna samarbeida om felles marknadsføring i lokalområdet vårt, seier marknadsleiar Kenneth Ingvaldsen i Kvinnherad Energi.

Saman og kvar for seg

Vidare i pressemeldinga vert samarbeidet nærare forklart på denne måten:

«Vi ynskjer å tilby dagens kundar konkurransedyktige vilkår på kraftkjøp, samtidig som vi også trur at nye kundar tilknytt det geografiske området vårt ser fordelen av å ha eit kundeforhold til oss. Å samarbeida om marknadsføring og merkevarebygging er starten på eit samarbeid som på sikt kan bli tettare og meir integrert.

Vi trur også at andre e-verk som skil ut kraftsalsverksemda vil sjå det som interessant å samarbeida om marknadsføring og merkvarebygging.

Som følgje av lovendring må alle vertikalintegrerte e-verk skilja ut den delen av verksemda som er monopol, det vil seia nettverksemda, i eige selskap innan utgangen av 2020. Odda Energi, Kvinnherad Energi og Hardanger Energi har konkludert med at kvart av selskapa vanskeleg kan oppnå berekraftig lønsemd for sine respektive kraftsalsverksemder når ein står aleine, og har derfor etablert eit samarbeid/ ein allianse der ein deltek i same marknadsføringsplattforma under merkevara «Lokalkrafta». Samarbeidet er pr. i dag organisert slik at kvart av selskapa vidarefører desse, men brukar felles merkevare, profileringsprofil og hovudmarknadsføringskanal, som blir nettsida Lokalkrafta.no.

Kan bli fleire

Pr. mai 2018 er det tre aktive samarbeidspartnarar i alliansen. 80 prosent av ein kundebase på vel 17.000 viser at kundane ynskjer å bruka den lokale kraftleverandøren.

Selskapa i alliansen ynskjer primært å oppnå samkøyringsgevinstar i det vidare marknadsføringsarbeidet overfor eksisterande og nye kundar. Alliansen ynskjer å knyta til seg partnarar som har lik profil og struktur som dagens deltakarar, typisk mindre leverandørar av kraft til sluttbrukarar, med sterk og lojal kundebase i eige geografisk område. I seinare fasar kan ein sjå for seg å samarbeida tettare. Dette kan bidra til vekst og sterkare satsing mot nye og større kundegrupper.

Etablering av merkevara «Lokalkrafta«, saman med straumven, er bærande i arbeidet med å profilera selskapa i alliansen. Å kjøpa kraft hos oss er med på å støtta opp under lokal verdiskapning, sikra lokale arbeidsplassar og styra midlar til lokale lag og foreiningar. Vi vil tilby alle kundar moglegheita til å gje eit bidrag til lokale lag og foreiningar gjennom straumvenordninga. Kunden kan velja ein Venestraum-avtale gjennom oss, og saman med kunden støttar me den klubben eller organisasjon som kunden vel som straumven».

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags