Gå til sidens hovedinnhold

Ingen semje i forhandlingane

Artikkelen er over 3 år gammel

Laurdag kveld ved 19-tida sit framleis LO, YS og NHO hos Riksmeklaren utan å kome til semje.

Ifølgje NRK har partane no sendt brev til regjeringa for å få bistand i AFP-forhandlingane.

Dersom meklinga ikkje fører fram, kan den første storstreiken på 18 år vera eit faktum.

Laurdag ettermiddag sendte Norled ut SMS-varslingar om at ferjesambanda Gjermundshamn–Varaldsøy–Årsnes og Skjersholmane–Ranavik blir råka ved streik søndag.

Ein kan halda seg oppdatert på nettstaden deira.

Les meir om korleis ein eventuell storstreik rammar Kvinnherad her:

Les også

Slik rammar storstreiken Kvinnherad

Kommentarer til denne saken