Etterlyser trafikksikring

Ænes og Mauranger Bygdalag har skrive brev til kommunen der laget ber om tryggingstiltak i Sundal.

DEL


– Bygdene i Mauranger har i fleire år jobba med korleis ein skal klara å redusera farten i Sundal. Her har vi skule og barnehage der fleire elevar kvar dag går på veg utan lys og gangsti, og med bilar som svært ofte bryt fartsgrensa, skriv Jannicke Næs Sundal på vegner av bygdelaget.

Konkret ber laget om sikring av innkøyrsla til skulen, 40-sone gjennom sentrum, gangfelt, fartshumpar og lys på strekninga Leitet–Neset.

Les også: Fekk fengselsstraff etter råkøyring

Bygdelaget peikar på at det i dette tilfellet kan søkjast om midlar frå den fylkeskommunale ordninga «Trygg skuleveg, Hjartesone og Punkt- utbetring».

– Det må jobbast med trafikktryggleiken før liv går tapt, avsluttar lagsleiar Jannicke Sundal med.

Les også: Fryktar Rosendal mistar tenester


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags