Feirar ti år og 20.000 dugnadstimar

FØRSTE DUGNAD: Ein ivrig gjeng på veg for å rydda sti opp til Varhaugen på Tursti Sunde sin aller første dugnad i oktober 2008. Frå venstre, Johannes Haga, Jan Inge Walleraunet, Tor Thorsen, Bjørn Heimvik, Tor Opsanger og Ivar Vaage. (Foto: Privat)

FØRSTE DUGNAD: Ein ivrig gjeng på veg for å rydda sti opp til Varhaugen på Tursti Sunde sin aller første dugnad i oktober 2008. Frå venstre, Johannes Haga, Jan Inge Walleraunet, Tor Thorsen, Bjørn Heimvik, Tor Opsanger og Ivar Vaage. (Foto: Privat)

Ikkje mindre enn 25 stiar har dei siste ti åra blitt opparbeidde og vedlikehaldne av dugnadsgjengen i Turstiar Sunde. Søndag 21. oktober skal innsatsen feirast.

DEL

Den aller første dugnaden Turstiar Sunde gjennomførte, var i oktober 2008, då ein god gjeng frivillige rydda sti opp til Varhaugen på Bjelland.

Deretter har det berre balla på seg, og dei siste ti åra har dei frivillige opparbeidd omkring 25 forskjellige turstiar naturglade folk kan nytta seg av omkring på Sunde og til Kaldestadåsen. Stiane er mykje nytta, og dugnadsgjengen jobbar kontinuerleg med vedlikehald og opprusting.

– Vi har som mål å leggja til rette for friluftsliv i nærområdet, og auka folk si interesse for å ferdast ute i skog og mark, fortel leiaren i Turstiar Sunde, Bjørn Heimvik.

Heimvik trekk fram «Trollskogen» som eitt av prosjekta dugnadsgjengen i samarbeid med barnehagar har fått i stand.

– Her er det nokre gapahukar med figurar frå eventyr som målbinder dei minste turgåarane, som «Reveenka», «Bukkane bruse» og «Espen Askeladden som kappåt med trollet».

TROLLSKOGEN: Ein gapahuk med eventyret «Reveenka» i Trollskogen vil målbinda dei aller minste turgåarane. Dette blei laga til i samarbeid med barnehagar. (Foto: Privat).

TROLLSKOGEN: Ein gapahuk med eventyret «Reveenka» i Trollskogen vil målbinda dei aller minste turgåarane. Dette blei laga til i samarbeid med barnehagar. (Foto: Privat).

Fenafjellet er òg eit av turområda som har blitt populære.

– Besøkstalet på Fenafjellet har nesten dobla seg dei siste ti åra, og det er veldig gledeleg å sjå at folk nyttar seg av stiane vi har opparbeidd, seier Heimvik.


Feiring av dugnadsgjengen

Turstiar Sunde markerer no ti-års jubileum, og inviterer i den samanheng til bygdekveld 21. oktober på Sunde, med åresal og kjøp av kaffi og kaker for dei som ynskjer noko godt attåt.

– Mange av dei frivillige som var med frå starten er fortsatt med, og i løpet av det siste tiåret har meir enn 75 frivillige engasjert seg. Per dags dato er vi omtrent 25 frivillige, fortel Heimvik.


20.000 dugnadstimar

For å drifta stiane legg dei frivillige ned mangfaldige dugnadstimar. På ti år er talet oppe i 20.000 dugnadstimar. Om ein skal rekna det om i kroner med eit gjennomsnitt på 300 kroner i timen, kjem vi til den nette sum av seks millionar kroner.

– Det er trivselsarbeid og vi stortrivst med det, fortel Bjørn, som ikkje har planar om å gi seg med det første.

I framtida blir han å sjå på stiane saman med dei andre frivillige i Turstiar Sunde, anten det er i samanheng med grøftegraving, bygging av gapahuk eller vedlikehald av turstiar.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags