Lastebåten tok inn vatn gjennom hol i skroget. Skaden skjedde ved kai i Dimmelsvik.

Her kan du sjå holet i skroget nedanfor det raude merket.

Her kan du sjå holet i skroget nedanfor det raude merket. Foto:

DEL

110 Hordaland melde fredag ettermiddag like etter klokka 16 at ein 50 meter lang lastebåt tok inn vatn på Sunde.

Kvinnherad brann og redning stilte med bilar frå Halsnøy, Uskedalen og Husnes, og jobba på spreng for å pumpa ut vatnet frå båten "Nysand" frå Karmøy. Samtidig vart sanden, som nettopp var henta i Dimmelsvik, lossa og fortløpande køyrt vekk i bilar frå Hauge Transport. Båten vart skadd då han låg til kai i Dimmelsvik, fortel vakthavande brannsjef Mette Vintertun.

Då båten vart letta for vatn og sand kom holet såpass over vassflata at han kunne sigla heim til Karmøy for eigen maskin. Reparasjonen vil bli utført der. .


Foto:

Foto:

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags