Kaotisk på Sunde

KAOS: Adrian Hillestad, Osvald Tufteland og Tor Gunnar Hillestad var ikkje imponert over organiseringa på Sunde ferjekai måndag.

KAOS: Adrian Hillestad, Osvald Tufteland og Tor Gunnar Hillestad var ikkje imponert over organiseringa på Sunde ferjekai måndag.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Måndag var ferja tilbake til Sunde, og det skapte kaos i morgontimane.

DEL

Vogntogsjåfør Osvald Tufteland stod fremst i ferjekøen, og han var ikkje imponert over planlegginga.

— Eg kom ikkje med den ferja eg skulle i dag tidleg, i ruta gjekk berre vesle Stallovarre, og der var det ikkje plass. Der ferjekøen skulle stått stod det parkerte bilar, og ingen visste kor ferjebilane skulle stilla seg. Ingen frå Statens vegvesen var her for å dirigera, fortel Tufteland.

Dermed måtte han parkera midt mellom dei parkerte bilane.

— Eg har vore nøydd å rygga og køyra fram og tilbake bilen to gonger for at bilar kunne passera, seier Tufteland.

Han får støtte av Tor Gunnar Hillestad i ferjekøen;

– Dette var håplaust.

Då Kvinnheringen var nedom på morgonkvisten var det fem bilar som stod parkert i felta der ferjebilane skulle stå, og om dei forsvinn i løpet av dagen blir spanande å sjå.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags