Ragnvald Vaage-parken?

DEL

I kjølvatnet av namnekonkurransen på Husnes, ønskjer Ove Lemicka at det blir laga ei politisk sak om kor vidt området der statuen «Vaageminnet» står nær Bjellandsbrua, bør døypast om til Ragnvald Vaage-parken, eller eit anna passande namn.

I spørsmålsrunden i formannskapsmøtet torsdag, la Ove Lemicka (Frp) fram eit skriftleg forslag, der han bad ordføraren gi administrasjonen i oppdrag å laga ei sak om forslaget.

Slettebø lova skriftleg svar ved seinare høve.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags