Sundepølsa i kjendismiddag

Dansebandkongen William Kristoffersen har fått smaken på Sundepølsa. Den står på menyen i 4-stjerners middag i april. (Pressefoto).

Dansebandkongen William Kristoffersen har fått smaken på Sundepølsa. Den står på menyen i 4-stjerners middag i april. (Pressefoto).

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Dansebandkonge i Ole Ivars skal servera den kjende retten frå Kvinnherad under 4-stjerners middag 3. april.

DEL

– Eg skulle kjent den igjen blant mange andre pølser i ein blindtest, seier bassist i Ole Ivars, William Kristoffersen.
– Korleis oppdaga du Sundepølsa?
– For ei stund sidan opptredde vi under Musikkfestivalen. Torkjell Nerhus, som vi hadde kjennskap til frå før, inviterte heile bandet til middag på gjestegarden. Der fekk vi servert eit fantastisk middagsmåltid ingen hadde smakt maken til, seier Kristoffersen.

3. april vert Kristoffersen sin middag vist på TV Norge. Silje Nymoen, musikar Gry Jannicke Jarlum og skodespelar Henrik Horge er gjestene.
– Det var ingen som hadde noko anna enn lovord om maten. Det vart ikkje liggande igjen så mykje som ein smule, seier han.

Bandet og Kristoffersen la spesielt merke til pølsa under middagen i Rosendal. Så sterkt inntrykk gav den, at bassisten no bestiller kjøtet over fjellet til Austlandet.

God reklame
– Eg har fortald om Sundepølsa under innspelingane. Det må vera brukbar reklame for Rosendal og produsenten, ler bassisten.
– Kva tilbehør serverte du med den?
– Kålrot og gulrotstuing, ravigottesaus med fløyte, salt og pepar, og potetmos med smør og fløyte. Som saltkjøt vart det langkokt lammelår, og bacon-feitt med baconbetar, seier musikaren.

Produsent Åshild Mehl synest det er stilig at Kristoffersen har valt ut pølsa, og er spent på kommentarane frå dei andre deltakarane.
– Fantastisk. Det er jo kjempereklame om vi får gode tilbakemeldingar. Tilbehøyret høyrest veldig bra ut. Bacon er ein god kombinasjon om du vil gjera litt ekstra ut av det, seier produsenten.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags