Startar symjeklubb i Rosendal

Stephanie Gjelseth startar opp Fonna svømme- og livredningsklubb i Rosendal etter jul, og vil halda grunnleggjande symjekurs der barn kan læra seg å bli trygge i vatnet.

Stephanie Gjelseth startar opp Fonna svømme- og livredningsklubb i Rosendal etter jul, og vil halda grunnleggjande symjekurs der barn kan læra seg å bli trygge i vatnet.

Artikkelen er over 3 år gammel

Symjeopplæring har det ikkje akkurat flote over av for skuleelevane i kommunen. No vil symjar og instruktør Stephanie Gjelseth læra barn grunnleggjande symjedugleikar.

DEL

Symjing er ikkje berre ein kjekk hobby. Det å kunna vera trygg i vatn kan vera direkte livreddande. Ei som brenn litt ekstra for livreddande symjeopplæring, er Stephanie Gjelseth. Etter jul startar ho opp Fonna svømme- og livredningsklubb, under fanen til NLS (Norges livredningsselskap).

–Eg har nyss fått tommelen opp av NLS om at eg kan starta opp klubb her i Rosendal. Planen er å starta etter jul. Då vil eg halda kurs for barn i grunnleggjande symjing. Det viktigaste fokuset blir sjølvberging og enkel symjing, først og fremst drukningsførebyggjande tiltak. Jo fleire som lærar seg livredning, jo betre, meiner Gjelseth.

Plassane på symjekurset blir avgrensa, så her gjeld det å vera førstemann til mølla. I første omgang ser ho føre seg å kjøra kurs på nivå 1 og 2, der førstnemnte har full merksemd på å læra barn å bli trygge og trivast under vatn, medan nivå 2 går litt vidare og lærar barn å dykka, flyta på mage og rygg, samt litt grunnleggande crawl- og ryggøvingar. 

Lokal logo

Gjelseth var sjølv med i Vestby symje- og livredningsklubb fram til ho var 18. Derifrå hadde ho med seg inspirasjon og motivasjon til å starta noko tilsvarande her i Kvinnherad. Ho syntest det var leit at barna på skulane her har såpass lite symjeopplæring, og lite tilbod på kveldstid.

– Først sjekka eg litt rundt kven eg kunna halda kurs gjennom, men fann ut at det enklaste var å starta opp sjølv, under fanen til NLS som eg sjølv har vakse opp med. Eg tok instruktørkurs gjennom desse, og fekk praksis gjennom Trio, kor eg òg for tida køyrer litt symjeundervising for barn, fortel ho.

Gjennom Facebook fekk Gjelseth kontakt med Rikke Slåbakk Berg, som ville vera med som assistent. Slåbakk Berg er badevakt og har no teke livredningskurs.

– Søster hennar er forresten grafisk designar, og har hjelpt oss med å laga ein logo som vi er strålande nøgde med. I denne ser vi ein symjar inne i ein livbøye, som sym i fjorden under fonn og fjell, smiler Gjelseth, som opphavleg er frå Vestby litt sør for Oslo. Til Kvinnherad var det kjærleiken som førte henne. Gjelseth er sambuar med Åsmund Hjelmeland, og dei har kjøpt seg eit småbruk i Guddal.

God hjelp

Gjelseth har òg fått fleire med på laget. Karoline Antonsen har sagt seg villig til å jobba som assistent. Ei venninne som har studert økonomi ville hjelpa henne med å koma i gang med rekneskapen, og Grete Solheim har sagt seg villig til å sjå på rekneskapen på slutten av året. Jo fleire gode krefter, jo betre. Gjelseth har nemleg ei 100 prosent stilling som sivilingeniør i Norconsult i Odda.

– Som du skjønar er det ikkje sånn at eg har for lite å gjera på, tvert imot, og eg gjer heller ikkje dette fordi eg skal bli rik. Men eg trivst godt med å jobba med barn, og eg vil læra bort ein kunnskap eg meiner er viktig for barn å kunna, forklarer Gjelseth. 

Ikkje berre barn nyt godt at symjeengasjementet til Gjelseth. Ho er alt i full gang med symjekurs for vaksne gjennom Rosendal turnlag, med fullt basseng og ventelister.

– Eg har òg fått fleire førespurnadar om eg kan halda crawlkurs for vaksne, og skal sjå kva eg har kapasitet til når våren kjem. Jo meir hjelp eg kan få på det administrative, jo meir kan eg fokusera på å vera trenar. Dessutan hadde det vore fantastisk om fleire kunne tenkt seg å bli instruktørar. Berre ta kontakt, så kan eg hjelpa til med å formidla kor du kan ta kurs, oppmodar ho.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags