Tatt av vinden

Stormen kasta takplater over samfunnshuset og ned i vegen.

Stormen kasta takplater over samfunnshuset og ned i vegen. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Stormkasta tok delar av taket på det gamle fryselageret på Sæbøvik. Tre fotgjengarar var nær ved å bli trefte av flygande takdelar.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

– Eg såg takdelane landa berre eit par meter frå to fotgjengarar, fortel Aud Romslo som var på Sæbøvik då det skjedde litt før klokka 13.30-tida.

Ho fortel at huseigar, Svenn Erik Eide, kom raskt til staden for å sikra området.

– Eg vart tilkalla av folk som såg takdelar byrja å losna. Også eg var vitne til at den største delen var nær ved å treffa ein far med to ungar. Heldigvis gjekk det bra, seier Eide.

Vegen vart stengd og ved 15.30-tida var den framleis stengd av tryggleiksomsyn, då det var for farleg å sikra taket. På dette tidspunktet trudde Eide at om lag 100 av 350 kvadratmeter tak var øydelagde av stormkasta.

Politiet melder om flygande takplater også i Dimmelsvik-området, og ferja i Utåker–Matre–Skånevik-sambandet må utelata Matre ein periode på grunn av den sterke vinden. Elles har det vore nokre straumbrot i Husnes-området og litt internett-trøbbel i periodar.

Artikkeltags