Statuen av Rosendalsborken, utført av den kjende dyreskulptøren Skule Waksvik, vart oppsett i Rosendal sentrum i 2005.

Heilt frå oppsetjinga har det vore etterlyst meir informasjon om hesten, både frå nordmenn og utanlandske turistar.

Fjordhestmiljøet i kommunen saman med grunneigaren Skålafjæro AS, har no gått saman om få på plass ei fleirspråkleg informasjonstavle om Borken. Design Salikat, Rosendal har stått for utforminga.

Rosendalsborken blir sett på som idealhingsten mellom fjordhestane. Han vann seg eit namn både nasjonalt og internasjonalt, og vert i dag brukt som logo for Norges Fjordhestlag, står det mellom anna på den nye informasjonstavla.

Hingsten vart i 1864 kjøpt av stamhuseigar Hoff Rosenkrone. Hesten vart 26 år.