Tilbod om ordførarvervet

Knut Prestnes (t.v.) har no meldt seg ut av Senterpartiet. Her med Sp-leiar Elin Legland (t.h.). (Arkivfoto).

Knut Prestnes (t.v.) har no meldt seg ut av Senterpartiet. Her med Sp-leiar Elin Legland (t.h.). (Arkivfoto).

Artikkelen er over 7 år gammel

www.kvinnheringen.no: Knut Prestnes fekk måndag tilbod om å bli ny ordførar i Kvinnherad.

DEL

Det har blitt jobba hardt i kullissene den seinare tida med tanka på koma fram til ein ny fleirtalskoalisjon. Det er Høgre, KrF og Sp som har jobba seg saman. SV har valt å gå inn i eit valteknisk samarbeid med KrF.

I eit forsøk på å få Knut Prestnes tilbake til Sp fekk han måndag føremiddag tilbod om å bli ordførarkandidaten for den nye koalisjonen.

Det var Sp-leiar, Elin Legland, som framsette tilbodet til Prestnes.

Prestnes ferierer for tida i Spania. Overfor Kvinnheringen stadfestar han at han har motteke tilbodet om bli ordførar, men ønskjer ikkje å kommenterer det nærare.

– Dette har eg ingen kommentar til, seier Prestnes på telefon frå Malaga i Spania.

Etter det Kvinnheringen kjenner til vil Prestnes halde fram det samarbeidet han har inngått med Ap, FrP og Venstre. Dermed vil denne grupperinga få eit knappast mogleg fleirtal i kommunestyret.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags