Avrora (5) vann 10.000

Her er Avrora saman med familien etter å ha motteke sjekken. Familien er flytta frå Rauma kommune i Møre og Romsdal. Foran og bakover: Avrora, Irina Zimina, Artur Zimin og Kirill Zimin. (Mobilfoto).

Her er Avrora saman med familien etter å ha motteke sjekken. Familien er flytta frå Rauma kommune i Møre og Romsdal. Foran og bakover: Avrora, Irina Zimina, Artur Zimin og Kirill Zimin. (Mobilfoto).

Den unge jenta blei den heldige vinnaren av årets «tilflyttarpris».

DEL


Kvinnherad Næringsservice og Kvinnherad kommune inviterte alle som har flytta til Kvinnherad siste halvdel av 2017 og første halvdel av 2018, til den årlege tilflyttarsamlinga i Kulturhuset Husnes onsdag ettermiddag.

Ulike lag og organisasjonar fekk visa seg fram både på stands og frå scenen i festsalen. Dei nye innbyggjarane fekk også høyra ordførar og rådmann fortelja om kvifor Kvinnherad er ein så god stad å bu, i tillegg til underhaldning og mat og drikke.

Fem år gamle Avrora Zimina gliste frå øyre til øyre då ho blei trekt ut som den heldige vinnaren av gåvesjekken på heile 10.000 kroner.

Kjersti Bruntveit, Tilde Marie Ølfarnes (8) og Anna Emilie Ølfarnes (4) etter tilflyttarfesten. Dei to jentene vann ein iPad og ein gåvesjekk på 2500 kroner.

Kjersti Bruntveit, Tilde Marie Ølfarnes (8) og Anna Emilie Ølfarnes (4) etter tilflyttarfesten. Dei to jentene vann ein iPad og ein gåvesjekk på 2500 kroner.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags