Gullsmed-tjuven enno på frifot

Holet tjuven laga i butikkhimlingen for å ta seg inn i Husnes Gull & Ur. Politiet står enno utan mistenkte i saka. Foto: Jonn Karl Sætre.

Holet tjuven laga i butikkhimlingen for å ta seg inn i Husnes Gull & Ur. Politiet står enno utan mistenkte i saka. Foto: Jonn Karl Sætre.

– Ingen mistenkte, seier politiet, som likevel er optimistiske.

DEL

Natt til siste søndag i september blei det gjort innbrot i gullsmedbutikken i Husnes Storsenter.

Gjerningsmannen tok seg inn i butikken sine lokale via taket. Tjuven fekk med seg varer for i underkant av 10.000 kroner.

Området er videoovervaka, og opptaka er sentrale i politiet si etterforsking.


– Vi jobbar med saka og har gjort fleire vitneavhøyr. No blir det arbeidd med å undersøka opplysningane frå desse, samtidig som vi ventar på svar frå dei tekniske undersøkingane. Per no er ingen sikta eller mistenkte, opplyser Torgeir Fosse ved Kvinnherad lensmannskontor til Kvinnheringen torsdag, og legg til:

– Overvakingsbilda gjer det ikkje nødvendigvis enkelt å identifisera personen. Vi håpar og trur uansett at etterforskinga som no går føre seg vil gi resultat, seier Fosse.


I pressemeldinga like etter ranet gjekk politiet ut med denne skildringa av gjerningsmannen: Ung mann, slank kroppsbygning, svart hettegenser, blå joggebukse, svarte joggesko. Han hadde med seg ein svart sekk.

Vidare opplyste politiet at det var grunn til å tru at innbrotet var planlagt og at det var blitt rekognosert i forkant.

Kriminalteknikarar frå Vest politidistrikt var på plass i storsenteret søndagen. Tjuven tok seg inn ved å fjerna det trekanta vindauget til venstre oppe i bildet. Foto: Jonn Karl Sætre.

Kriminalteknikarar frå Vest politidistrikt var på plass i storsenteret søndagen. Tjuven tok seg inn ved å fjerna det trekanta vindauget til venstre oppe i bildet. Foto: Jonn Karl Sætre.



Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags