Denne sjokoladen kosta minst 1500 kroner

Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Naskeri av ei sjokoladeplate på 200 gram til den nette sum av 36,30 enda opp i Sunnhordland tingrett.

DEL

Kjøpmann Dagfinn Gjerde har lite til overs for naskeri, og melder konsekvent alle tilfelle av slikt til politiet. Så gjorde han òg då ein «kunde» tidlegare i år gjekk inn i butikken, tok ei sjokoladeplate på 200 gram frå godterihylla, putta den i lomma og gjekk rett ut igjen.

– Det er sjeldan eg ser så frekke tjuveri som dette. Som regel når nasking skjer, blir det gjort i samband med handel, men her gjekk vedkomande rett inn, tok sjokoladen og gjekk rett ut igjen, seier Gjerde.

Andre kundar i butikken var vitne til hendinga, i tillegg til at overva-kingskameraet til butikken fanga det heile på film. Trass i dette for-klarte naskaren sjølv at det heile dreidde seg om ei mistyding; han meinte å ha gløymt bankkortet, og at sjokoladen blei med i jakka hans ved eit uhell då han skulle henta bankkortet. Han nekta difor å vedta førelegget på 1.000 kroner, så politiet tok saka vidare. Med det blei éi enkel sjokoladeplate på 200 gram ei sak for Sunnhordland tingrett.

– Alvorleg problem

Tingretten valde å tru på Gjerde og dei andre vitneforklaringane, og dømde naskaren til 1.500 kroner i bot. Retten var ikkje i tvil om at tiltalte hadde hatt vinningsføremål med butikkbesøket denne dagen.

«Det er svært liten verdi det er snakk om i denne saka, men butikk-tjuveri er eit problem for varehandelen, og fører til større kostnadar med sikring med meir. Retten set bota til 1.500 kroner, slik aktor la ned påstand om» står det å lesa i dommen frå tingretten.

Tiltalte er tidlegare dømt for vinningsbrotsverk, men dommane er fleire år gamle, og retten la ikkje vekt på desse. Summen på bota blei vurdert ut frå vedkomande sin økonomi, då vedkomande er uføretrygda og har lite inn kvar månad. På same bakgrunn sleppte domfelte òg å betala sakskostnadane.

– Naskeri av ei sjokoladeplate til 36,30 høyrest kanskje ut som ein bagatell, men for oss i varehandelen er nasking eit alvorleg problem. Eg er difor glad for at politiet følgjer opp saker som blir melde, og tenkjer det er bra at slike saker blir gjennomførte av prinsipp, for å syna at vi vernar om verdiane våre, og at nasking ikkje er greitt, for-klarer Gjerde.

– Opplever de ofte naskeri?

– Det går litt opp og ned. Ungdom stel mykje mindre enn før, noko som eg trur botnar i endra haldningar, men òg i at fleire har betre økonomi og får meir pengar heimefrå. Men vi har opplevd ein del naskeri frå gjestearbeidarar. Seinast for to veker sidan tok eg tre slike i nasking. Og så er det enkelte gjengangerar, såkalla «kjenningar» av politiet, som naskar med jamne mellomrom, fortel Gjerde.

Butikken gjer elles ein del førebyggjande tiltak, til dømes har dei kameraovervaking og plakatar rundt om i butikken som fortel om denne overvakinga.

– Vi tilsette prøver òg å vera synlege og til stades i butikken. Så skal det seiast at vi ikkje går rundt og mistenkjer folk for å stela. Dei aller, aller fleste er ærlege kundar, påpeiker han.

Noka økonomisk oppreising for sjokoladen som hamna i retten fekk han ikkje. Bota til domfelte er staten sine pengar. Men sjokoladeplata fekk han tilbake. Samt at han rettferda sigra.

– Det er ikkje verst, berre det, seier kjøpmannen, som håpar proses-sen òg kan verka avskrekkande på potensielle naskarar.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags