To butikkopningar i Rosendal

Reidunn Bakke Myklebust (i midten) fekk mange lukkeønskingar då ho opna butikken Sko og interiør AS torsdag. Éi av dei som ønskte å visa si glede over det nye tilbodet, var Anne Marie Bottolfsen, som kom innom for å overrekka ein blom. Barnebarnet til Reidunn, Henrik Hauge (snart 9) hjelpte til under opningsrushet.

Reidunn Bakke Myklebust (i midten) fekk mange lukkeønskingar då ho opna butikken Sko og interiør AS torsdag. Éi av dei som ønskte å visa si glede over det nye tilbodet, var Anne Marie Bottolfsen, som kom innom for å overrekka ein blom. Barnebarnet til Reidunn, Henrik Hauge (snart 9) hjelpte til under opningsrushet.

Artikkelen er over 4 år gammel

Rosendal bokhandel opna torsdag i nye, større lokale. Same dagen fekk bygda ein heilt ny butikk; Sko og interiør AS.

DEL

Den nye skobutikken ligg i butikksenteret «Nes-en» i Skålagato, i dei lokala der Gjensidige heldt til tidlegare. Det er Reidunn Bakke Myklebust og mannen Rune Myklebust frå Lio sag og treforedling som står bak.
– Då Rosendal sko vart lagt ned, ville vi prøva å fylla tomrommet etter denne. I tillegg til sko har vi teke opp ein god del av interiøret frå butikken nede i kjellaren, fortel Bakke Myklebust.

Under opninga på torsdag baud ho på kaffi og kake, og mange kundar nytta høvet til å koma innom med lukkeønskingar.

Meir luft

Over gata var det òg fullt i kundar og liv. Bente Soldal kunne endeleg opna bokhandelen igjen, i større og luftigare lokale, der som Rosendal sko tidlegare låg.
– Det kjennest herleg. Det er først no eg kjenner kor dårleg plass vi hadde før, seier Soldal, som i tillegg til bøker og papir, no har teke inn eit utval vesker og bagar.

Soldal markerte elles nyopninga med forfattarbesøk og bokslepp seinare på kvelden. Turid Lindeland kom for å presentera «Garnglede i Rosendal», medan krimforfattar Jørgen Jæger las frå den nyaste boka si.

For få veker sidan gjenopna òg Fristelsar i nye lokale, der Stemning tidlegare låg.
– Handlegata vår har forandra seg ein god del den siste tida, ja. No får vi berre håpa at kundane sett pris på «nye» Skålagato, smiler Hilde Kristin Hus, som eig og driv Fristelsar i lag med systera Margreta Hus Ripel.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags